-
Møteplassen for ungdom
Tilbod for ungdomskuletrinnet. Kvar onsdag kl 18 - 20. På frivilligsentralen/kommunehuset, Nabben 80. Her er det kjekt og trygt å vere! Frivillige vaksne / foreldre er tilstede. Om du bur utanfor sentrum kan du melde deg på LTU taxi. 30 kr pr pers. Det gjer du når du kjem til Møteplassen ved å kontakte den/dei vaksne.
Språk kafe hausten 2022
Vi starta opp att med språk kafe ! For alle! Tema: Vi deler våre tradisjonar. Her er og spel, ope BUA, kaffi, te og noko attåt. Ta med deg ein venn, born , mor eller bestefar og kom :)
Del på:
-
Sy- Hekle - Fixe - Strikke
Kvar torsdag fram til ut april er det møteplass med tema handarbeid. Møteplass og læringsarena. For dei som interessera seg for handarbeid og for dei som vil bli interessert:) Små barn (under 12 år ) må ha med /komme saman med ein vaksen.
-
Godt nytt år og takk for det som har vore
Vi vil med dette ynskje alle eit godt nytt år! Samstundes vil vi rette ei stor takk til alle lag og organisasjonar, frivillige og andre eldsjeler for aktivitetar, tilbod, arrangement, verv og alt anna engasjement i året som har gått. Det siste store samskapingsprosjektet for Selje Frivilligsentral og Eid Frivilligsentral i 2025 var Juleglede i Stad kommune. Nedanfor kan du lese meir om kven som er med/driv prosjekta, kven som har støtta, samt annan informasjon om Juleglede prosjekta 2025 Ei stor takk til alle involverte ❤️
-
TUSEN TAKK 🥰
Selje frivilligsentral har fått tildelt gåvemidlar frå Nordfjord AS, Fiskevegn, SpareBank 1 SMN og Selje sanitetsforening– midlar som går til verdifulle tiltak i lokalsamfunnet vårt 🥰
-
Støtt Julegledeprosjekta 2025!
Frivillige og Alti Nordfjord har i mange år samarbeidd om å skape juleglede for lavinntektshushaldningar i kvar ein krok av Stad kommune. Gjennom eit tett samarbeid med mange kommunale avdelingar, når vi ut til alle deler av kommunen både med matkasser, julegåver, gåvekort, og vi sikrar at born i lavinntektshushaldningar får minst ei gåve som dei ønskjer seg til jul. Vi treng mellom 170.000,- og 200.000,- for å få dette til å gå rundt økonomisk. Dersom mage gir litt så klarer vi dette - men vi treng hjelp!