-
Møteplass for handverk og hobby
Bli med på innbyggjartreff og ALLEMED-dugnad 3. sept!
Laurdag 3. september inviterer Stad kommune og Frivilligsentralane lag, org. og innbyggjarar til treff i Operahuset Nordfjord kl. 14.00 - 16.00! Bli kjende med frivillige lag og organisasjonar/fritidsaktivitetar i Stad, kakefest, gratis kino m.m. På føremiddagen same dag inviterer vi til ALLEMED-dugnad. Lag og organisasjonar som stiller med stand på innbyggjartreffet og som deltek på ALLEMED-dugnaden må melde seg på. Elles er det ope hus på Innbyggjartreffet! Skyss blir sett opp v/ behov ( Obs påmelding der og!)Alle som vil vere med på ALLEMED-dugnaden og frivillige organisasjonar som vil stille med stand og aktivitetar på innbyggjartreffet melder seg på her.
Arrangementet er ein del av kommunen/frivilligsentralane sin aktivitetsplan under "Frivillighetens år 2022", og eit av tiltaka under Stad kommune si frivilligpolitiske plattform for 2021-2023. Formålet med arrangementet er å synleggjere og informere innbyggarane om mangfaldet av lag og org. i Stad kommune, bli betre kjend med kvarande på tvers av kommunen, bli kjend med kommunen sitt arbeid, tilbod og tenester. - Og ikkje minst gje nye og gamle innbyggjarar ein kjekk aktivitetsdag for små og store!
Eit viktig punkt på årets program er ALLEMED - ein tverrfagleg dugnad mellom kommune, frivillige, andre aktivitetstilbydarar, ungdom og foreldre der vi saman brukar dialogverktøyet ALLEMED for å skape diskusjon, bevisstgjering og å finne løysningar på korleis vi i fellesskap kan jobbe for å få alle barn og unge med i fritidsaktivitetar .
ALLEMED - dugnaden vert gjennomført i Operahuset Nordfjord laurdag 3. september kl. 10.00 - 12.30. Det vert servert lunsj (pizza) til alle som deltek!
Alle som vil vere med på ALLEMED-dugnaden og frivillige organisasjonar som vil stille med stand og aktivitetar på innbyggjartreffet melder seg på her.
Program og meir info:
Invitasjon innbyggjartreff 3. september
Del på:
-
Vil du bli Digihjelpar?
Kan du litt om digitalt? Då kan du hjelpe mykje!
-
Vestland fylkeskommune inviterer til webinar om ny forskrift for spelemidlar til idrett og fysisk aktivitet
Viktig melding til alle som jobbar med søknader om spelemidlar. Webinar om ny forskrift 17. september og 18. september. Vestland fylkeskommune inviterer til webinar om den nye forskrifta for tilskot til bygging og rehabilitering av anlegg for idrett og fysisk aktivitet.
-
Sommarmøteplass og sommarBUA
Vi er godt i gang med Open Sommarmøteplass på Nabben 80 (Frivilligsentralen/BUA/kommunehuset) Gjennom heile juli vil ungdom og arbeidsleiar skape aktivitet, møteplassar og trivsel for born og unge, familiar og alle som er interessert.
-
Nyhendebrev 2 - 2026 Nytt og nyttig for frivillige lag og organisasjonar i Stad kommune
Nedanfor finn du er nyhendebrev 2 - 2026. Det kan du m.a. lese om Helse i kvardagen: 60+ - infomøte 8. juni kl. 17.00 i operahuset Nordfjord. Du finn informasjon om korleis du søkjer momskompensasjon og dei nye reglane som er innført der.