-
Møteplass for handverk og hobby
CV-kurs på Teams: Lær å skrive ein god søknad
Alle som vil søkje på sommarjobbprosjektet til Eid og Selje Frivilligsentralar/ Gjensidigestiftelsen/ Stad kommune må lage ein CV for å kunne søkje jobb. Dersom du ikkje veit kva ein CV er eller korleis du skriv ein CV, så arrangerer vi 2 CV-skrive kurs på Teams. Målgruppe er Ungdom i Stad kommune mellom 14 og 20 år.Vi tilbyr to gratis digitale kurs i å skrive ein god CV.
Tidspunkt for kursa er:
Måndag 30/5 kl. 17.00 - 18.00 Klikk her for å delta
Tysdag 7/6 kl. 17.00 – 18.00 Klikk her for å delta
Tema vi er innom:
- Kva er ein CV?
- Kva er forskjellen mellom ein jobbsøknad og ein CV?
- Korleis skriv du ein god CV?
- Kva er og gjer ein referanse?
Kurshaldar: Berte Eidsvåg Eldevik, jobbspesialist i NAV Stad
Dette er ein time der du kan lære mykje som du garantert får bruk for!
Ønskjer du å søkje på Sommarhjelpjobb i Stad kommune:
Digitalt søknadsskjema - Sommarhjelp 2022
Les meir om Sommarhjelpjobbane
Del på:
-
Vil du bli Digihjelpar?
Kan du litt om digitalt? Då kan du hjelpe mykje!
-
Vestland fylkeskommune inviterer til webinar om ny forskrift for spelemidlar til idrett og fysisk aktivitet
Viktig melding til alle som jobbar med søknader om spelemidlar. Webinar om ny forskrift 17. september og 18. september. Vestland fylkeskommune inviterer til webinar om den nye forskrifta for tilskot til bygging og rehabilitering av anlegg for idrett og fysisk aktivitet.
-
Sommarmøteplass og sommarBUA
Vi er godt i gang med Open Sommarmøteplass på Nabben 80 (Frivilligsentralen/BUA/kommunehuset) Gjennom heile juli vil ungdom og arbeidsleiar skape aktivitet, møteplassar og trivsel for born og unge, familiar og alle som er interessert.
-
Nyhendebrev 2 - 2026 Nytt og nyttig for frivillige lag og organisasjonar i Stad kommune
Nedanfor finn du er nyhendebrev 2 - 2026. Det kan du m.a. lese om Helse i kvardagen: 60+ - infomøte 8. juni kl. 17.00 i operahuset Nordfjord. Du finn informasjon om korleis du søkjer momskompensasjon og dei nye reglane som er innført der.