-
Sommarmøteplass og sommarBUA
Vi er godt i gang med Open Sommarmøteplass på Nabben 80 (Frivilligsentralen/BUA/kommunehuset) Gjennom heile juli vil ungdom og arbeidsleiar skape aktivitet, møteplassar og trivsel for born og unge, familiar og alle som er interessert.
Vil du bidra i arbeidet med å ta i mot flyktningene frå Ukraina?
Stad kommune skal ta imot 140 flyktingar frå Ukraina. For å få til dette på ein god måte er det viktig at ein bidrar der ein kan. Her kan du halde deg oppdatert over situasjonen. Kva som trengst av hjelp og korleis du kan bidra. Og kontaktpersonar i Stad kommune.Det viktigaste ein kan hjelpe til med akkurat no er å halde seg oppdatert og dele informasjon frå Stad kommune, spesielt informasjonen om at vi framleis treng husvære til flyktningane.
All relevant informasjon om Ukraina og kommunen sin beredskap finn de på denne nettstaden.
Denne vert oppdatert etterkvart som ny informasjon kjem til:
https://stad.kommune.no/aktuelt/ukraina-og-kommunen-sin-beredskap/
Kommunedirektøren hadde ei orientering i formaskapet 24.mars:
Her kan du sjå den i opptak:
https://stad.kommunetv.no/archive/126?caseId=6239
Det vil bli ny orinetering i kommunestyret 31.03.
Framover vil det vere viktig at de bidreg med det frivilligheita allereie er gode på; aktivitetar, møteplassar, dugnadar m.m.
Vår oppmoding er å vere synlege og inviter fleire med i desse aktivitetane!
Ta kontakt med frivilligsentralane! Vi kan bidra med å koble behov og hjelp, synleggjere dykkar tilbod, har tilgjengeleg gratis lokale m.m.
Vi har også oppretta eit tilbod som vi har valt å kalle
Stadven (inkluderingskontakt)
Her kan ein melde seg som frivillig og melde inn at ein ynkjer ein Stadven.
Dette tilbodet gjelder for alle.
Les meir om dette under aktivitetar på sida vår.
Synleggjering av aktivitetstilbod, arrangement og møteplassar:
Over 100 organisasjonar i Stad har no sendt inn samtykke til å bruke og dele laget sin kontaktinformasjon. Alle dei har også fått invitasjon til å redigere sin profil på Stad foreningsportal.
På denne måten vert de meir synlege og lettare å nå både for kommunen, dykkar nærmiljø og folk flest.
Vi oppmoda dei som enno ikkje har fyllt ut og sendt inn samtykkeskjema om å gjere snarast. Det finn de her:
Stad Foreningsportal finn de her:
https://stad.foreningsportal.no/
Vi har også ein kalender over kulturarrangement på
www.hjartestad.no
Hovedkontakt personene i Stad kommune er sakshandamarane i opplæring og intergrering:
Rune Engeseth og Katrine Rydland Nautvik:
Stad kommune tlf.: 578 85 800.
Kontaktperson for frivillige innsats, aktiviettar, møteplass og andre og bidrag:
Frivilligsentralane i Selje og på Eid.
Vi samarbeida med andre etatar.
Eid Frivilligsentral Selje Frivilligsentral
Astrid G. Torheim Maria Helgesen
dagleg leiar dagleg leiar
tlf. 41460042 tlf. 95869223
e-post: astrid.grete.torheim@stad kommune.no e-post: maria.helgesen@stad.kommune.no
Del på:
-
Nyhendebrev 2 - 2026 Nytt og nyttig for frivillige lag og organisasjonar i Stad kommune
Nedanfor finn du er nyhendebrev 2 - 2026. Det kan du m.a. lese om Helse i kvardagen: 60+ - infomøte 8. juni kl. 17.00 i operahuset Nordfjord. Du finn informasjon om korleis du søkjer momskompensasjon og dei nye reglane som er innført der.
-
Årsmelding Selje frivilligsentral 2025
Her kan du lese årsmeldinga for Selje frivilligsentral. Har du spørsmål eller innspel, er du velkomen til å ta kontakt.
-
Klesbytte dag
-
Møteplassen for ungdom
Tilbod for ungdomskuletrinnet. Kvar onsdag kl 18 - 20. På frivilligsentralen/kommunehuset, Nabben 80. Her er det kjekt og trygt å vere! Frivillige vaksne / foreldre er tilstede. Om du bur utanfor sentrum kan du melde deg på LTU taxi. 30 kr pr pers. Det gjer du når du kjem til Møteplassen ved å kontakte den/dei vaksne.