-
Møteplass for handverk og hobby
Bli med på gratis webinar - Aktiv saman
Aktiv saman - Inkludering og mangfald i idrett og friluftsliv – Styrking av frivilligheita Sted: Teams Når: 24. januar Tid: kl. 14.00-15.45Påmelding
Velkomen til webinar med Aktiv saman
Aktiv saman er eit samarbeid mellom fleire frivillige organisasjonar, kommunar og fylkeskommunen
og del av regional satsing på integrering gjennom idrett og friluftsliv. Hovudmålet med Aktiv saman er å få fleire fleirkulturelle barn og unge meir aktive kvar dag, med særleg fokus på dei som er
lite fysisk aktive og/eller fysisk inaktive. Gjennom dette samarbeidet har vi etablert møteplassar og
nettverk der ein jobbar på tvers mellom idrett, friluftsliv og det offentlege. Vestland fylkeskommune,
Vestland idrettskrets og Bergen og Hordaland Turlag koordinerer arbeidet og samarbeider med ei
rekkje ressursar ute i kommunar og organisasjonar.
Vi ønsker deg velkomen til webinar som set fokus på samspel mellom det frivillige og kommunane.
Korleis kan vi styrke samarbeid mellom kommunar og frivilligheita? Vi har frivilligheitsåret i fokus
og inkluderingsarbeidet som ein viktig del av dette!
Samlinga er på Teams og er open for alle, særleg for deg som arbeider med folkehelse, idrett,
friluftsliv, frivilligheit og mangfald.
Aktiv saman webinar 24.januar 2022
PROGRAM
Del 1:
Kl. 14.00 Velkomen
Kl. 14.10 Fylkeskommunen orienterer om frivilligheitsåret 2022
Kl. 14.20 Idrettsklynge Vest – Styrke i samspel
Del 2: Presentasjonar frå fylket vårt
Kl. 14.30 Samarbeid, ein introduksjon frå Aktiv saman gjengen
Kl. 14.35 Tre kommunar deler sine erfaringar rundt samarbeid med frivilligheita
Kl. 15.10 Kaffipause
Del 3: Paneldebatt og erfaringsdeling
Kl. 15.15 Paneldebatt med representantar frå frivilligheita og det offentlege
Kl. 15.35 Avslutning
Del på:
-
Vil du bli Digihjelpar?
Kan du litt om digitalt? Då kan du hjelpe mykje!
-
Vestland fylkeskommune inviterer til webinar om ny forskrift for spelemidlar til idrett og fysisk aktivitet
Viktig melding til alle som jobbar med søknader om spelemidlar. Webinar om ny forskrift 17. september og 18. september. Vestland fylkeskommune inviterer til webinar om den nye forskrifta for tilskot til bygging og rehabilitering av anlegg for idrett og fysisk aktivitet.
-
Sommarmøteplass og sommarBUA
Vi er godt i gang med Open Sommarmøteplass på Nabben 80 (Frivilligsentralen/BUA/kommunehuset) Gjennom heile juli vil ungdom og arbeidsleiar skape aktivitet, møteplassar og trivsel for born og unge, familiar og alle som er interessert.
-
Nyhendebrev 2 - 2026 Nytt og nyttig for frivillige lag og organisasjonar i Stad kommune
Nedanfor finn du er nyhendebrev 2 - 2026. Det kan du m.a. lese om Helse i kvardagen: 60+ - infomøte 8. juni kl. 17.00 i operahuset Nordfjord. Du finn informasjon om korleis du søkjer momskompensasjon og dei nye reglane som er innført der.