-
Er du ungdom og interessert i frivilligheit?
Ungdom er invitert til å møtast for å snakke ilag om nettopp frivilligheit. Kvar onsdag i november kl 14.15 - 15.30 - Vi startar kvart møte med pizza :) Det er kjekt og nyttig å møtast. Kanskje ein kan inspirere kvarandre og skape noko spennande saman? Eller sette fokus på noko viktig for framtida? Vaksne/ frivillige er også velkomne. Les meir:
Prosjekt Juleglede
Frivilligsentralane i Stad kommune har i samarbeid med Røde kors og andre frivillige lag og organisasjonar og handelsnæringa, ulike juleprosjket. Les meir om dei her og korleis du kan bidra.Selje og Eid frivilligsentral samarbeida med NAV, Opplæring og integreringstenesta, Bu –og Miljøtenesta, ALTI Nordfjord, Eid handel, Røde kors Eid og Selje, Røde kors omsorg Eid, Kyrja i Stad og frivillige julenissar om ulike julegåveprosjekt: Gåve til ein ukjend, matkasse, ønskjetre og juleglede for barn.
Som mottakar er du anonym igjennom vår teieplikt og interne samarbeid.
Dei som bidrar som frivillige i prosjektet veit ikkje kven gåvene går til.
Les meir om dei her:
Gåve til ein ukjend:
Alle blir invitert til å kjøpe/ lage og levere inn gåver som igjennom vårt samarbeid blir gitt vidare til personar og familiar i kommunen. Målet er at alle skal få ei julegåve å opne på julafta og/eller skal få muligheit til å gi noko til sine nærmaste.
Slik kjem gåvene inn:
1.Du kjøper eller lagar ei fin gåve (obs! ingen gjenbruks gåver i dette prosjektet)
Gjerne gåvekort.
Skal du levere i Selje ynskjer vi ikkje at du pakkar inn, men leverer til oss i skranken v/ innbyggjartorget 1.etasje i Selje kommunehus
Er du på Eid: Pakkar du inn gåva og legg under juletreet på Amfi.
Gjeld gåver til alle aldra.
Viktig at ein leverer gåver seinast innan 16.desember
Tusen takk :)
Det interne samarbeidet:
Parallelt med innsamlinga av gåver, blir det gjort ei kartlegging ute i tenestene over kven som treng/ynskjer gåver og matkasser.
Vi invitere og andre som er i ei økonomisk situasjon i år som gjer at ein treng litt ekstra til jul om å ta kontakt.
Dette gjer ein ved å ta kontakt via epost eller telefon med den tenesta du ynskjer. (kyrkja, nav osv) eller oss på frivilligsentralen.
Utlevering:
Ved hjelp av frivillige pakkar vi inn etter bestilling og gjer klart til henting.
Eventuelt kan ein komme innom å velgje ut og pakke inn sjølv.
Julegåvene blir levert ut til mottaker igjennom deira kontakter i ulike teneste eller frivilligsentralane.
Alle har taushetsplikt.
Matkasse
Slik blir matkassene til:
- Røde kors søkjer om midlar og oppfordrar folk til å vippse støtte til : Eid Røde Kors: 21181
- Ulike butikkar rundt om har laga klart handlekorger du kan legge opp i varer som kjem i matkassar til trengande i kommunen. Hugs at det må vere varer som held seg godt :)
- lokale butikkar gir ein del også.
Det interne samarbeidet:
Ved hjelp av frivillige, sjekkar vi alt som kjem inn. Pakkar i kasser og gjer klart til henting/utkøyring.
Julegåvene blir levert ut til mottaker igjennom deira kontakter i ulike teneste eller frivilligsentralane.
Ønskjetre:
Ikkje alle har mulighet å kjøpe julegåve til jul. På juletreet på Alti Nordfjord, har born frå Nordfjord hengt opp sine juleønskje. Vil du oppfølgje eit av dei? Plukk med deg eit ønske frå treet og lever lappen og juleønskje til senterkontoret eller Sunkost. Gjeld juleønskje for born under 18 år.
Juleglede for barn
Omsorgsgruppa i Røde kors søkjer kvar år midlar frå Røde kors Sogn og Fjordane om midlar som skal gå til innkjøp av gåvekort til born under 18 år.
Kartlegginga om behovet blir gjort internt i dei ulike tenestene, gåvekorta blir kjøpt inn avomsorgsgruppa og delt ut på samme måte som gåve til ein ukjend eller matkassene.
Har ein spørsmål om noko angåande desse prosjekta er det berre å ta kontakt:)
Del på:
-
Aldersvennleg frivilligheit og lågterskel møteplassar
Selje frivilligsentral fekk nokre midlar til aldersvenleg frivilligheit og lågterskel møteplassar. Vi har hatt eit ope møte og vidare framover vil det vere fire lågterskel/ opne møteplassar på Frivilligsentralen / Innbyggjartorget med dette som tema. Kvar onsdag i november kl.: 12. 30 til 14.45/15.00 K.: 14.15 blir det pizza/ fellesmåltid saman med ungdommane som skal til med sitt møte om frivilligheit.
-
Spelemidlar 2026 - Søknadsfrist 15.oktober 2025 - Kurs i å skrive søknad: 16. og 25 . september
Har laget eller organisasjonen din tenkt å søkje om spelemidlar til anlegg for idrett og fysisk aktivitet? Då er søknadsfristen 15. oktober. Kurs i å skrive søknad kan du delta på enten 16. eller 25 september. Sjå meir info:
-
Sommarhjelp - Søknadsfrist 3.juni 2025
Frivilligsentralane i Stad kommune med støtte frå Gjensidigestiftinga tilbyr 2 vekers sommarjobb for ungdommar i Stad kommune født 2011-2007. Meir informasjon og søknadsskjema finn du her:
-
FRIVILLIGKVELD 19. MARS 2025
Frivilligkveld er ein av to årlege møteplassar mellom frivilligheita og Stad kommune. Vi møtast for å snakke om viktige tema og skal finne ut korleis ein saman best kan legge til rette for frivilligheit i åra framover. Stad: Bryggja Grendahus kl.: 17:30 - 20:30. For meir informasjon og påmeldingsskjema: