-
Møteplass for handverk og hobby
Prosjekt i frivilligsentralane i Stad kommune gav over 30 ungdommar sommarjobb.
Midlar frå Gjensidigetiftelsen og fylkesmannen i Vestland og ikkje minst eit godt tverrfagleg samarbeid, fekk Stad kommune med frivilligsentralane i spissen, sysselsette 30 ungdomar i alderen 14 - 20 år, i ulike sommarjobbar rundt om i kommunen.Vi hadde heile 74 søkjarar og fekk tilsett 30 stk.
Sommerjobbane var innan kultur og lokalsamfunnsutvikling, kommunalteknikk, helse og omsorg og Bu og miljø.
I tillegg nokre jobbar på Eventyrstallen. (ridesenter på Eid)
Kvar ungdom vart engasjert i 2 veker. Dette for at vi kunne tilsette flest mulig ut i frå dei midlane vi hadde tilgjengeleg.
Stas å signere si første arbeidsavtale
Alle fekk slikkepinne og Stad tatovering :)
Nokon av ungdommane jobba med sosiale møteplassar og utlån av aktivitetsutstyr i BUA Eid og BUA Selje, nokon var i fjell og mark for å merke turstiar, og ein god del av dei var sommerhjelp i pleie- og omsorgsektoren.
Sommerhjalpa på institusjonane hadde oppgåver som å lage til og hjelpe med måltid og finne på sosiale og kjekke ting.
Fleire av ungdommane som har hatt sin første jobb erfaring her, vurderar no både å søkje sommarjobb neste år og velje ei utdanning innan helseyrke.
I forkant av søknadsfristen arrangerte frivilligsentrlanae kurs i CV skriving ilag med NAV. 25 ungdommar var med over temas og fekk gode tips før dei skulle søkje på jobbane.
For mange var dette første arbeidsarfaringa og første steg iinn i yrkeslivet.
Alle ungdommane får attest og har no også dete og eventueller referanse personar til vidare skule/jobb søking.
Kva skulle vi gjort utan sommerhjelp i BUA tenker vi no i ettertid:) BUA Selje kom på 5. plass i landet for mest utlån i sommar :)
Eine sommarhjelpa hadde med seg gitar nokre dagar det var meldt dårleg ver og då litt roligare i BUA..
Men med det gode sommerveret, masse folk på sanden og ellers rundt om, vart det ikkje mykje tid til det:)
Visjonen til Stad kommune er eit livskraftig og trygt samfunn der vi alle dreg ilag.
Det tverrfaglege samarbeidet ein har fått til her syner at her er vi på god veg til ein god samskapingskommune.
Mange har vore involverte både i forkant og i gjennomføringa.
Og alle har stått på å gjort dette til ein stor suksess.
Takket vere godt samarbeid med personal- og kommunikasjonsavdelinga, opplæring-/integreringsavdelinga og arbeidsleiarane i dei ulike tenestene, har mange ungdomane fått både verdifull arbeidserfaring, høve til å tene seg nokre kroner, og gode sommarjobbminner.
Vil det blislikke sommerhjelp jobbar neste sommar?
Ein slik suksess må ein jobbe hardt for å få til. Og gjerne med endå fleire spennande jobbar for endå fleire ungdommar.
Del på:
-
Vil du bli Digihjelpar?
Kan du litt om digitalt? Då kan du hjelpe mykje!
-
Vestland fylkeskommune inviterer til webinar om ny forskrift for spelemidlar til idrett og fysisk aktivitet
Viktig melding til alle som jobbar med søknader om spelemidlar. Webinar om ny forskrift 17. september og 18. september. Vestland fylkeskommune inviterer til webinar om den nye forskrifta for tilskot til bygging og rehabilitering av anlegg for idrett og fysisk aktivitet.
-
Sommarmøteplass og sommarBUA
Vi er godt i gang med Open Sommarmøteplass på Nabben 80 (Frivilligsentralen/BUA/kommunehuset) Gjennom heile juli vil ungdom og arbeidsleiar skape aktivitet, møteplassar og trivsel for born og unge, familiar og alle som er interessert.
-
Nyhendebrev 2 - 2026 Nytt og nyttig for frivillige lag og organisasjonar i Stad kommune
Nedanfor finn du er nyhendebrev 2 - 2026. Det kan du m.a. lese om Helse i kvardagen: 60+ - infomøte 8. juni kl. 17.00 i operahuset Nordfjord. Du finn informasjon om korleis du søkjer momskompensasjon og dei nye reglane som er innført der.