-
Møteplass for handverk og hobby
Tilskot for arrangement og aktivitetar som er påvirka av Covid-19 pandemien
Det er gjort endringar i ordninga for tilskot for arrangement eller aktivitetar som er påverka av covid-19 pandemien. Perioden for ordninga er utvida til 31. oktober Søknadsfristen er utsett til 15. novemberHer kan du lese meir om ordninga:
To ordningar for frivilligheita er no opna for søknadar: (nynorsk)
1. den generelle momskompensasjonsordninga
2. koronaordning for arrangement og aktiviter
1: Momskompensasjonsordninga
Vi ønskjer å nå fleire med ordninga
Erfaring frå tidlegare år viser at det finst lag og organisasjonar som ikkje søkjer om momskompensasjon. Dette kan vere lokale eller regionale ledd under sentrale frivillige organisasjonar som for eksempel Norges Idrettsforbund (NIF), 4H Norge, Norges Musikkorpsforbund, Norges Røde Kors og Norges Jeger- og Fiskeforbund. MERK: Slike såkalla underledd må sende inn søknad gjennom sentralleddet sitt.
Det er også en del enkeltståande lag og organisasjonar som ikkje søkjer, for eksempel organisasjonar som driv frivillig arbeid innanfor innvandrargrupper og andre lokale foreiningar.
Minstegrenser
· For enkeltståande søkjarar er det minstegrenser. Etter den forenkla søknadsmodellen er minstegrensa 100 000 kroner i søknadsgrunnlag (søknadsgrunnlag = driftskostnader minus eventuelle avgrensing og frådrag).
· Etter dokumentert søknadsmodell er minstegrensa 7 000 kroner i meirverdikostnader som det kan søkast kompensasjon for.
Søknadsfristen er 1. september 2021.
MERK: Sentralledd har eigne fristar for rapportering frå underledda sine. Sjå den aktuelle organisasjonen sine nettsider, eller ta kontakt med sentralleddet for nærare informasjon.
Alle mottakarar av momskompensasjon må vere registrert i Frivilligregisteret innan 1. september 2021. Dette gjeld og dei som søkjer via sitt sentralledd. Husk at registrering kan ta litt tid.
Meir informasjon De kan lese meir om momskompensasjon til frivillige organisasjonar på www.lottstift.no
2: Ny koronaordning for frivillige lag og organisasjonar
Frivillige lag og organisasjonar kan no søkje om tilskot i samband med arrangement og aktivitetar som er påverka av covid-19 pandemien.
Formålet med ordninga er å stimulere til gjennomføring av arrangement/aktivitet, men den gjeld også dersom ein må avlyse på grunn av restriksjonar eller råd frå myndigheitene i samband med covid-19.
Denne ordninga gjeld for perioden 1. januar til 31. august 2021. Søkarar må vere registrerte i Frivilligregisteret.
Kva kan det søkast om?
· Støtte til meirkostnader på grunn av smitteverntilpassingar eller i samband med utvikling/tilpassing av aktivitetar. Dette kan for eksempel vere innkjøp av smittevernutstyr, kostnader til leige av større lokale, digitalisering av eksisterande tilbod eller nye aktivitetar som digitale møteplasser.
· Støtte til mindreinntekter frå avlyste eller delvis gjennomførte arrangement. Dette kan for eksempel vere tapte billettinntekter, parkeringsinntekter, inntekter frå loppemarked eller kioskinntekter.
· Mindreinntekter frå anna spesifisert aktivitet avgrensa til publikumsinntekter og utleigeinntekter. Dette kan for eksempel vere museum, akvarium, kinoar eller idrettsanlegg. Utleigeinntekter kan vere utleige av bygningar, anlegg, hytter, fartøy eller andre rom og lokale.
Søknadsfristen er 15. september 2021.
Meir informasjon Finn informasjon, søknadsskjema og rettleiing om koronaordninga på www.lottstift.no Spørsmål? Ta kontakt på covid@lottstift.no eller telefon 57 82 80 00.
Del på:
-
Vil du bli Digihjelpar?
Kan du litt om digitalt? Då kan du hjelpe mykje!
-
Vestland fylkeskommune inviterer til webinar om ny forskrift for spelemidlar til idrett og fysisk aktivitet
Viktig melding til alle som jobbar med søknader om spelemidlar. Webinar om ny forskrift 17. september og 18. september. Vestland fylkeskommune inviterer til webinar om den nye forskrifta for tilskot til bygging og rehabilitering av anlegg for idrett og fysisk aktivitet.
-
Sommarmøteplass og sommarBUA
Vi er godt i gang med Open Sommarmøteplass på Nabben 80 (Frivilligsentralen/BUA/kommunehuset) Gjennom heile juli vil ungdom og arbeidsleiar skape aktivitet, møteplassar og trivsel for born og unge, familiar og alle som er interessert.
-
Nyhendebrev 2 - 2026 Nytt og nyttig for frivillige lag og organisasjonar i Stad kommune
Nedanfor finn du er nyhendebrev 2 - 2026. Det kan du m.a. lese om Helse i kvardagen: 60+ - infomøte 8. juni kl. 17.00 i operahuset Nordfjord. Du finn informasjon om korleis du søkjer momskompensasjon og dei nye reglane som er innført der.