-
Møteplass for handverk og hobby
Sommerjobb for ungdom mellom 14 og 20 år!
Frivilligsentralane i Stad kommune med støtte frå Gjensidigestiftelsen tilbyr inntil 20 ungdomar betalt sommarjobb i 2 veker i sommar! Arbeidstid 6 timar pr. dag måndag til fredag. Arbeidsstadar: Nordfjordeid og Selje Søknadsfrist: Måndag 21 juni. Oppstart frå veke 26.Dette er dei ulike jobbane du kan søkje på: -
- Sommarhjelp i BUA og på sosiale møtestader
- Sommarhjelp innan helse og sosial
- Sommarhjelp i stimerking/friluftsliv
Sjå : Annonse Sommarjobb 2021 (1) Samla
HER kan du lese meir om arbeidsoppgåvene i dei ulike jobbane.
Ungdomar som ikkje har sommarjobb frå før vil bli prioritert.
HER finn du søknadskjema.
Du som søkjer:
- er ein ungdom som er fødd mellom 2001 - 2007 (14-20 år) og har folkeregistrert adresse i Stad kommune.
- er ein ungdom som er pliktoppfyllande, kan følgje dei reglar og rutiner som er sett for jobben og møter presis.
- er ein ungdom som er serviceinnstilt, og likar å bli kjend med og prate med folk.
- vil få god opplæring og oppfølging dersom du får tilbod om jobb.
- må lage ein CV når du søkjer.
Lær deg å skrive ein god CV!
Vi tilbyr CV-kurs på TEAMS:
Måndag 14/6 kl. 18.00 – 19.00:
https://teams.microsoft.com/l/meetup-join/19%3ameeting_YTI2M2I5MjYtOTViZS00YjM5LTg4ZTMtZTgxZmFmMTQ0NjRh%40thread.v2/0?context=%7b%22Tid%22%3a%221932ff7a-64ef-426f-a8cb-0698850f2b16%22%2c%22Oid%22%3a%223aed7ba5-c97c-4451-8715-7034fcc26085%22%7d
Torsdag 17/6 kl. 18.00 – 19.00:
https://teams.microsoft.com/l/meetup-join/19%3ameeting_ZmM4NjkyNjUtNWUxOS00MjAyLTg1ODQtOTAwNDg0ZmFiZDg0%40thread.v2/0?context=%7b%22Tid%22%3a%221932ff7a-64ef-426f-a8cb-0698850f2b16%22%2c%22Oid%22%3a%223aed7ba5-c97c-4451-8715-7034fcc26085%22%7d
Du treng ikkje melde deg på.
Trykk på lenka under datoen for å bli med:
Tilgang ligg også i arr.kalender på www.stad.kommune.no
Sjå eit døme på ein god CV: CV Mal - Kasper Kaspersen -
Om du ikkje fekk muligheit å delta, eller vil sjå att innhalde i kurset, finn du det her:
CV & Jobbsøk presentasjon frå CV skrivingskurs 14. og 17. juni 2021
FOTO: Jørn- Arne Tomasgard
Del på:
-
Vil du bli Digihjelpar?
Kan du litt om digitalt? Då kan du hjelpe mykje!
-
Vestland fylkeskommune inviterer til webinar om ny forskrift for spelemidlar til idrett og fysisk aktivitet
Viktig melding til alle som jobbar med søknader om spelemidlar. Webinar om ny forskrift 17. september og 18. september. Vestland fylkeskommune inviterer til webinar om den nye forskrifta for tilskot til bygging og rehabilitering av anlegg for idrett og fysisk aktivitet.
-
Sommarmøteplass og sommarBUA
Vi er godt i gang med Open Sommarmøteplass på Nabben 80 (Frivilligsentralen/BUA/kommunehuset) Gjennom heile juli vil ungdom og arbeidsleiar skape aktivitet, møteplassar og trivsel for born og unge, familiar og alle som er interessert.
-
Nyhendebrev 2 - 2026 Nytt og nyttig for frivillige lag og organisasjonar i Stad kommune
Nedanfor finn du er nyhendebrev 2 - 2026. Det kan du m.a. lese om Helse i kvardagen: 60+ - infomøte 8. juni kl. 17.00 i operahuset Nordfjord. Du finn informasjon om korleis du søkjer momskompensasjon og dei nye reglane som er innført der.