-
Møteplassen for ungdom
To ordningar for frivilligheita er no opna for søknadar:
1. den generelle momskompensasjonsordninga. 2. koronaordning for arrangement og aktivitet. Les meir om ordningane i artikkelTo ordningar for frivilligheita er no opna for søknadar:
1. den generelle momskompensasjonsordninga
2. koronaordning for arrangement og aktivitet
1: Momskompensasjonsordninga
Vi ønskjer å nå fleire med ordninga
Erfaring frå tidlegare år viser at det finst lag og organisasjonar som ikkje søkjer om momskompensasjon. Dette kan vere lokale eller regionale ledd under sentrale frivillige organisasjonar som for eksempel Norges Idrettsforbund (NIF), 4H Norge, Norges Musikkorpsforbund, Norges Røde Kors og Norges Jeger- og Fiskeforbund.
MERK: Slike såkalla underledd må sende inn søknad gjennom sentralleddet sitt.
Det er også en del enkeltståande lag og organisasjonar som ikkje søkjer, for eksempel organisasjonar som driv frivillig arbeid innanfor innvandrargrupper og andre lokale foreiningar.
Minstegrenser
- For enkeltståande søkjarar er det minstegrenser. Etter den forenkla søknadsmodellen er minstegrensa 100 000 kroner i søknadsgrunnlag (søknadsgrunnlag = driftskostnader minus eventuelle avgrensing og frådrag).
- Etter dokumentert søknadsmodell er minstegrensa 7 000 kroner i meirverdikostnader som det kan søkast kompensasjon for.
Søknadsfristen er 1. september 2021.
MERK: Sentralledd har eigne fristar for rapportering frå underledda sine. Sjå den aktuelle organisasjonen sine nettsider, eller ta kontakt med sentralleddet for nærare informasjon.
Alle mottakarar av momskompensasjon må vere registrert i Frivilligregisteret innan 1. september 2021. Dette gjeld og dei som søkjer via sitt sentralledd. Husk at registrering kan ta litt tid.
Meir informasjon
De kan lese meir om momskompensasjon til frivillige organisasjonar på www.lottstift.no
2: Ny koronaordning for frivillige lag og organisasjonar
Frivillige lag og organisasjonar kan no søkje om tilskot i samband med arrangement og aktivitetar som er påverka av covid-19 pandemien.
Formålet med ordninga er å stimulere til gjennomføring av arrangement/aktivitet, men den gjeld også dersom ein må avlyse på grunn av restriksjonar eller råd frå myndigheitene i samband med covid-19.
Denne ordninga gjeld for perioden 1. januar til 31. august 2021.
Søkarar må vere registrerte i Frivilligregisteret.
Kva kan det søkast om?
·Støtte til meirkostnader på grunn av smitteverntilpassingar eller i samband med utvikling/tilpassing av aktivitetar. Dette kan for eksempel vere innkjøp av smittevernutstyr, kostnader til leige av større lokale, digitalisering av eksisterande tilbod eller nye aktivitetar som digitale møteplasser.
·Støtte til mindreinntekter frå avlyste eller delvis gjennomførte arrangement. Dette kan for eksempel vere tapte billettinntekter, parkeringsinntekter, inntekter frå loppemarked eller kioskinntekter.
·Mindreinntekter frå anna spesifisert aktivitet avgrensa til publikumsinntekter og utleigeinntekter. Dette kan for eksempel vere museum, akvarium, kinoar eller idrettsanlegg. Utleigeinntekter kan vere utleige av bygningar, anlegg, hytter, fartøy eller andre rom og lokale.
Søknadsfristen er 15. september 2021.
Meir informasjon
Finn informasjon, søknadsskjema og rettleiing om koronaordninga på www.lottstift.no
Spørsmål? Ta kontakt på covid@lottstift.no eller telefon 57 82 80 00.
Del på:
-
Sy- Strikk - Fix
-
Godt nytt år og takk for det som har vore
Vi vil med dette ynskje alle eit godt nytt år! Samstundes vil vi rette ei stor takk til alle lag og organisasjonar, frivillige og andre eldsjeler for aktivitetar, tilbod, arrangement, verv og alt anna engasjement i året som har gått. Det siste store samskapingsprosjektet for Selje Frivilligsentral og Eid Frivilligsentral i 2025 var Juleglede i Stad kommune. Nedanfor kan du lese meir om kven som er med/driv prosjekta, kven som har støtta, samt annan informasjon om Juleglede prosjekta 2025 Ei stor takk til alle involverte ❤️
-
TUSEN TAKK 🥰
Selje frivilligsentral har fått tildelt gåvemidlar frå Nordfjord AS, Fiskevegn, SpareBank 1 SMN og Selje sanitetsforening– midlar som går til verdifulle tiltak i lokalsamfunnet vårt 🥰
-
Frivillighetens dag 5.desember
Den 5.desember er det Frivillighetens dag – ei markering og ein stor takk til alle som gjer lokalsamfunnet levande!