-
Møteplass for handverk og hobby
Markering av FNs internasjonale dag for frivilligheit
Den 5.desember er det FNs internasjonale dag for frivilligheit. Vi ynskjer å markere denne dagen! Bli med å del kva du/ditt lag/organisasjon driv med:) Du kan også dele og skryte av andre sin frivillig innsats som har betydd mykje for deg og /eller ditt lokalsamfunn.Alt det dei frivillige lag og organisasjonane og likeins, dei egenorganiserte frivillige gjer,
har stor betydning for oss alle og for utviklinga av lokalsamfunnet vårt.
Vi vil oppfordre alle som har gjort, gjer eller skal gjere noko frivillig om å dele dette på sosialemedia den 5.desember.
Du kan og sende inn til frivilligsentralen om du vil at vi skal dele den informasjonen på vår facebookside.
https://www.facebook.com/seljefrivilligsentral
https://www.facebook.com/eidfrivilligsentral
Du kan sjølvsagt også dele og skryte av andre sin frivilligeinnsats og kva det har betydd for deg eller lokalsamfunnet :)
Kanskje du vil dele/fortelle korleis ein har fått omorganisert ein aktivitet i koronatida?
Har du instagram kan du gjerne merke bilde ditt med : #egerfrivilligeinstadistad #vierfrivilligeinstadistad
Er du ikkje frivillig/ medlem i eit lag/org?
Då er kanskje 5.desember ein ekstra fin dag å melde seg inn på eller sjekke kva som finnst av muligheiter!
Lurer du på kva slags organisasjonar her er å velje i eller vil du vete meir og å vere frivillig i ein frivilligsentral er det berre å ta kontakt med oss:)
Andre nyttige lenker med info om frivilligheit:
www.frivillig.no
www.frivillighetnorge.no
Del på:
-
Vil du bli Digihjelpar?
Kan du litt om digitalt? Då kan du hjelpe mykje!
-
Vestland fylkeskommune inviterer til webinar om ny forskrift for spelemidlar til idrett og fysisk aktivitet
Viktig melding til alle som jobbar med søknader om spelemidlar. Webinar om ny forskrift 17. september og 18. september. Vestland fylkeskommune inviterer til webinar om den nye forskrifta for tilskot til bygging og rehabilitering av anlegg for idrett og fysisk aktivitet.
-
Sommarmøteplass og sommarBUA
Vi er godt i gang med Open Sommarmøteplass på Nabben 80 (Frivilligsentralen/BUA/kommunehuset) Gjennom heile juli vil ungdom og arbeidsleiar skape aktivitet, møteplassar og trivsel for born og unge, familiar og alle som er interessert.
-
Nyhendebrev 2 - 2026 Nytt og nyttig for frivillige lag og organisasjonar i Stad kommune
Nedanfor finn du er nyhendebrev 2 - 2026. Det kan du m.a. lese om Helse i kvardagen: 60+ - infomøte 8. juni kl. 17.00 i operahuset Nordfjord. Du finn informasjon om korleis du søkjer momskompensasjon og dei nye reglane som er innført der.