-
Møteplass for handverk og hobby
Kystloteriet i Nordfjord i 2020 - Strandrydding
Hent sekk Plukk søppel Vinn premieI 2020 har Fjordane friluftsråd fått midla til strandrydding i Nordfjord.
Vil du vere med å halde strendene ryddige og samtidig få mulighet å vinne fine premiar?
Slik gjer du du det:
Du kan hente sekkar til strandrydding og lodd på Selje frivilligsentral/innbyggjartorget i 1. etasje på kommunehuset, Selje sentrum.
Eller på servicekontoret på rådhuset, Eid.
Når ein har rydda, registrerer ein funna hos www.ryddenorge.no, og leverer inn avfallet saman med loddet.
Loddet vert med i lokal og nasjonal trekning av premiar som: reiser, overnattingar, turar, konsertbillettar, kinobillettar, kurs og andre gode opplevingar.
Her finn du finn du informasjon om korleis du går fram for å delta og organisere rydding. Det er viktig at du les dette før du begynner å rydde, og sorterer avfallet ditt som skildra, slik at du slepp å sprette opp sekkar og sortere om når du kjem til gjenbruksstasjonen.
Når ein registrera aksjonen i ryddeportalen er det svært ønskeleg at ein sett Fjordane friluftsråd som tilhøyrande organisasjon.
Dette for at dei skal kunne sjå kor mykje som blir rydda og berekne sine utgifter og for å kunne raportere inn nødvendig informasjon.
Tilskotet som Fjordane friluftsråd får dekkar kostnaden til behandling av avfallet du leverer inn. Vilkåret for å få slik støtte er at alle ryddeaksjonar er registerert hos www.ryddenorge.no og at du har med deg aksjonskoden din når du kjem til avfallsmottaket.
Trykk på linkane for meir informasjon:
- Informasjon til deg som rydder 2020
- slik oppretter du ein ryddeaksjon (hugs å legge til Fjordane friluftsråd som tilhøyrande organisasjon!)
- registrere funn
Del på:
-
Vil du bli Digihjelpar?
Kan du litt om digitalt? Då kan du hjelpe mykje!
-
Vestland fylkeskommune inviterer til webinar om ny forskrift for spelemidlar til idrett og fysisk aktivitet
Viktig melding til alle som jobbar med søknader om spelemidlar. Webinar om ny forskrift 17. september og 18. september. Vestland fylkeskommune inviterer til webinar om den nye forskrifta for tilskot til bygging og rehabilitering av anlegg for idrett og fysisk aktivitet.
-
Sommarmøteplass og sommarBUA
Vi er godt i gang med Open Sommarmøteplass på Nabben 80 (Frivilligsentralen/BUA/kommunehuset) Gjennom heile juli vil ungdom og arbeidsleiar skape aktivitet, møteplassar og trivsel for born og unge, familiar og alle som er interessert.
-
Nyhendebrev 2 - 2026 Nytt og nyttig for frivillige lag og organisasjonar i Stad kommune
Nedanfor finn du er nyhendebrev 2 - 2026. Det kan du m.a. lese om Helse i kvardagen: 60+ - infomøte 8. juni kl. 17.00 i operahuset Nordfjord. Du finn informasjon om korleis du søkjer momskompensasjon og dei nye reglane som er innført der.