-
Møteplass for handverk og hobby
Til lag, organisasjonar og egenorganiserte frivillige
Eid frivilligsentral og Selje frivilligsentral ynskjer å invitere frivillige, lag og organisasjonar til samarbeid vedrørande hjelpetiltak i høve koronasituasjonen. Vi har tett dialog med kommuneleiinga og får regelmessig oppdatering på behov og status. Frivilligsentralane koordinera tiltak blant anna ut i frå dette og etter helsedirektoratet sine retningslinjer.Helsedirektoratet sine retningslinjer. Kap 10. Frivillige organisasjonar
Korleis kan du bidra ?
-Vil du vere Telefonvenn?
-Vil du hjelpe med andre praktiske gjæremål? (utanfor heimen)
-dele informasjon/ fortelje om hjelpetiltaka som finnest
Ein kan melde seg som frivillig eller be om hjelp på frivilligsentralen sine nettsider og/eller ta kontakt på telefon.
Astrid Grete Torheim | post@eid.frivilligsentral | Tlf.: 41 46 00 42 | www.eid.frivilligsentral.no
Maria Helgesen | post@selje.frivilligsentral | Tlf.: 95 86 92 23 | www.selje.frivilligsentral.no
Vi ynskjer at det skal vere lav terskel for å ta kontakt om du er usikker på noko, har ein ide eller andre ting!
Ikkje nøl med å send ei melding, ringe oss eller sende ein e-post.
Du er og med på dugnad og gjer ein svært viktig innsats for samfunnet
ved å følgje regjeringa sine råd og oppmodingar om:
- å halde deg mest mulig heime, i ro der du bur
- ikkje vere samla meir ein fem personar
- ha god hand hygiene og andre gode vaner. (Vanar som førebyggjer smitte)
-Og ikkje minst ta vare på andre:
Ringe/ta kontakt med folk, nabo eller andre du veit kanskje trenger det ekstra mykje. Ein kan sjølvsagt nytte vanleg telefon, men legg med div muligheiter og oversikt på kostnadar for ulike video- og telefonkonferanser.
Hjelp å dele/ få ut informasjon
Eit tiltak som er starta opp i samarbeid mellom kommuneleiing, frivilligsentralane, Røde kors, Omsorgsberedskaps gruppa i Saniteten og Filadelfia, er handling og levering av matvarer heim til risikogrupper og/eller personar i karantene.Her er link til meir informasjon.
Det er veldig fint å få hjelp til å dele, poste og fortelje om dette tilbodet.
Ein annakonkret ting ein kan bidra med her er å få fleire på Vipps!
Ring og hjelp ein venn med dette.
Korleis få vipps?
Tilskot, hjelp og råd til lag og organisasjonar:
Korona-fond på 100 millioner kroner for å kunne støtte lag og foreninger på Vestlandet som vil tape penger eller gå glipp av inntekter på grunn av koronaepidemien.
https://www.spvnyheter.no/sparebanken-vest/etablerer-korona-fond-pa-100-millioner-kroner-til-stotte-for-frivillige-lag-og-foreninger-pa-vestlandet/
Fleire slike tilskotsordningar er i kjømda.
Minner og om tilskotsportalen! www.tilskuddsportalen.no
No med tips om støtte til avlyste arr. m. m
Takk til frivillige, lokale lag og organisasjonar
Denne tida er utfordrande for alle. De skal ha ein stor TAKK for all dugnad de har gjort av alt av aktivitetar og engasjement fram til no OG ikkje minst dugnaden de gjer no med å stenge ned. Eit vanskeleg og trist, men nødvendig tiltak for å hindre smitte.
I denne urolege, men stille tida, får ein verkeleg merke på kropp og sjel kva det betyr for eit samfunn å ha aktive frivillige, lag og organisasjonar som skapar aktivitetstilbod og møteplassar <3
Sjølv om det er mange ting ein ikkje kan
gjere akkurat no er det framleis måtar å bidra på/ hjelpe kvarandre.
Men obs obs! Ikkje utsett deg sjølv eller andre for smitte/smittespreiing.
Hold deg/dykk og oppdatert om Koronasituasjonen m.m. på www.stad.kommune.no
Del på:
-
Vil du bli Digihjelpar?
Kan du litt om digitalt? Då kan du hjelpe mykje!
-
Vestland fylkeskommune inviterer til webinar om ny forskrift for spelemidlar til idrett og fysisk aktivitet
Viktig melding til alle som jobbar med søknader om spelemidlar. Webinar om ny forskrift 17. september og 18. september. Vestland fylkeskommune inviterer til webinar om den nye forskrifta for tilskot til bygging og rehabilitering av anlegg for idrett og fysisk aktivitet.
-
Sommarmøteplass og sommarBUA
Vi er godt i gang med Open Sommarmøteplass på Nabben 80 (Frivilligsentralen/BUA/kommunehuset) Gjennom heile juli vil ungdom og arbeidsleiar skape aktivitet, møteplassar og trivsel for born og unge, familiar og alle som er interessert.
-
Nyhendebrev 2 - 2026 Nytt og nyttig for frivillige lag og organisasjonar i Stad kommune
Nedanfor finn du er nyhendebrev 2 - 2026. Det kan du m.a. lese om Helse i kvardagen: 60+ - infomøte 8. juni kl. 17.00 i operahuset Nordfjord. Du finn informasjon om korleis du søkjer momskompensasjon og dei nye reglane som er innført der.