Info om frivilligsentralane i Stad kommune

Her kan du lese om kven som jobba i Selje og Eid frivilligsentral, kva vi jobbar med og korleis du kan nytte oss :)

Ring frivilligsentralen! Bruk oss! Spør oss! •

Frivilligsentralane har oversikt over mange kjekke møtestadar og aktivitetstilbod rundt om i kommunen som lag og organisasjonar driv. Til dømes strikkekafear, sogelag, frimerkeklubb, kor, turlag, båtlag, idrett, sjakk med meir.

Vi har også eigne aktivitetar og tilbod på og i frivilligsentralen der ein kan vere frivillige  eller deltakar på.
 
Frivilligsentralane samarbeider og med andre etatar i kommunen om å løyse ulike utfordingar og leggje til rette for aktivitet og tilbod etter behov.
Eit av samarbeida er med Frisklivsentralen med Sterk og Stødig treningstilbod. Språkkafe med biblioteket m.m

Vi arrangement faste møtestadar i året der frivilligheita og kommunen møtast for å få innspel, ha kjennskap til kvarandre slik at vi saman kan skape gode vekstvilkår for frivilligheita og lokalsamfunnet vårt.

Vi jobbar med tilrettelegging, førebuing, folkehelse, samskaping /vinn vinn samarbeid, møte mellom mennesker m.m

Ein del av tilrettelegginga er å ha ei felles plan og mål.
Det skal vere enkelt å vere frivillig i Stad, er målet i den frivilligpolitisk plattforma.
Her kan du lese heile dokumentet og sjå korleis ein ynskjer å jobbe mot dette målet: FRIVILLIGPOLITSIK PLATTFORM

2024 © Selje Frivilligsentral