Info om frivilligsentralane i Stad kommune

Her kan du lese om kven som jobba i Selje og Eid frivilligsentral, kva vi jobbar med og korleis du kan nytte oss :)

Ring frivilligsentralen! Bruk oss! Spør oss! •

Frivilligsentralane har oversikt over mange kjekke møtestadar og aktivitetstilbod rundt om i kommunen som lag og organisasjonar driv. Til dømes strikkekafear, sogelag, frimerkeklubb, kor, turlag, båtlag med meir.

Vi har også eigne aktivitetar og tilbod på frivilligsentralane. Til dømes meistringskafe, digitreff (hjelp til data, nettbrett og smarttelefon) telefonvenn m.m

Frivilligsentralane samarbeider og med andre etatar i kommunen om å løyse ulike utfordingar og leggje til rette for aktivitet og tilbod etter behov. Eit av samarbeida er med Frisklivsentralen, som også no skal etablerast i ytre del av kommunen.

Møtestadar og vere i lag når vi kan er viktigare ein nokon gong!
Les informasjonsbrevet som vart delt ut ved vaksinering:
Info om møtestadar i Stad (2)

(hjelp oss gjerne med å  dele, skrive ut og henge opp dette infobrevet om du har muligheit: ) 

2024 © Selje Frivilligsentral