Onsdag 8 Desember 2021
Kl. 17:00 - 19:00, Selje frivilligsentral / Stad bibliotek, Avd Selje
AVLYST - Språkkafe med juleverkstad
Målet er å skape ein møtestad der vi blir kjende, hyggjer oss i lag, snakkar norsk og litt andre språk og skapar eit fellesskap! Det vert enkel servering! Det blir denne gangen også julevekstad, sjakk og andre spel.

Vi held til stort sett på Innbyggjartorget, kommunehuset i Selje der det er bibliotek, BUA med bordtennisbord, spel m.m.

Vi har etter kvart ein lang tradisjon med Språkkafe ca ein gang i månaden (utan om sommersesongen.)
Vi har på det meste vore samla 9 ulike nasjonar og har lært mykje om og av kvarandre.
Språkkafeane våre er både ein kjekk og viktig møteplass.

Vi har enkel serverving med kjeks, frukt kaffi og te.
Språk kafeane har ulike tema, spel og aktivitetar. Kom gjerne med innspel og idear.


Følg med på kalenderen på vår nettside og ellers på facebook sida til Selje frivilligsentral for å få med deg kortid det er språkkafe, kvar og kva som er tema. 


Språkkafeen er eit samarbeid mellom Stad bibliotek, Avd. Selje, frivilligsentralen, vaksenopplæringa i Selje og frivillige.
Vi kan gjerne samarbeide med fleire. Og om ein vil invitere til språkkafe på Stadlandet eller Flatraket feks so er det berre å ta kontakt so kan vi flytte språkkafeen dit ein dag:) 

Flere kalenderoppføringer
2024 © Selje Frivilligsentral