Onsdag 8 Desember 2021
Kl. 17:00 - 19:00, Selje frivilligsentral / Stad bibliotek, Avd Selje
AVLYST - Språkkafe med juleverkstad
Målet er å skape ein møtestad der vi blir kjende, hyggjer oss i lag, snakkar norsk og litt andre språk og skapar eit fellesskap! Det vert enkel servering! Det blir denne gangen også julevekstad, sjakk og andre spel.

Vi arrangerar både på frivilligsentralen, Selje prestegård og av og til er vi ute og på tur.
Følg med i kalenderen for kommande arr.  

Språkkafeane våre er både ein kjekk og viktig møteplass.

Vi har enkel serverving med kjeks, frukt kaffi og te.
Språk kafeane har ulike tema, spel og aktivitetar. Kom gjerne med innspel og idear.


Følg med på kalenderen på vår nettside og ellers på facebook sida til Selje frivilligsentral for å få med deg kortid det er språkkafe, kvar og kva som er tema. 

Språkkafeen er eit samarbeid mellom Stad bibliotek, Avd. Selje, frivilligsentralen, vaksenopplæringa i Selje og frivillige.
Vi kan gjerne samarbeide med fleire. Og om ein vil invitere til språkkafe på Stadlandet eller Flatraket feks so er det berre å ta kontakt so kan vi flytte språkkafeen dit ein dag:)

Vil du vere frivillig Stadven? (frivillig inkluderingskontakt)
Då får du sms med invitasjon til våre språkkafear og blir invitert med om vi skal på tur.
Vi har tidligare vore i Hoddevika og på Selja.
Her les du meir om Stadven og melder deg som frivillig: STADVEN 

2026 © Selje Frivilligsentral