🧵 Ta gjerne med deg det du held på med!
Enten det er strikking, hekling, saum, broderi, trearbeid, reprasjon, måling, teikning eller heilt andre kreative prosjekt – her er det rom for det meste!
Du treng ikkje kunne noko frå før. Her er det plass til både nybyrjarar og dei som har mykje erfaring å dele.❤️ Det sosiale er minst like viktig som det vi lagar og arbeider med!
Dette blir uformelle samlingar med rom for både skaparglede, inspirasjon, gode samtalar og nye bekjentskap.
📅 29. oktober – 10. desember
📍 Selje frivilligsentral, 1. etasje i kommunehuset i Selje
Alle interesserte er hjarteleg velkomne!
Ingen aldersgrense, men born under 13 år må kome i følgje med ein vaksen.
Vi håpar du tek turen og blir med på å skape ein triveleg møteplass med kreativitet, inspirasjon og godt fellesskap! 🥰
Frivilligsentralen har ein del ulltråd, strikkepinna og anna ein kan få til å starte eigne prosjekt. Vi har og symaskin m.m ein kan låne/ bruke når ein er på denne møteplassen.
På frivilligsentralen / biblioteket har ein også puslespel, kort og brettspel som ein kan bruke om ein vil.