Torsdag 12 Februar
Kl. 16:00 - 18:30, Selje frivilligsentral/kommunehuset 1.etg
Sy- Hekle - Fixe - Strikke
Bli med på ein kjekk og lærerik kveld. Vi har fått tak i lokale frivillige med høg kompetanse ✨ Vil du lære å strikke eller hekle? Treng du å sy opp ei bukse eller spøte ein sokk? Vil du lage deg: • bunadspose eller dresspose • handle-nett • skiftekåpe til heilårsbading og surfing?

🧵🪡

HUGS påmelding! Vi har ikkje so mange symaskine so du må belage deg på å vente.

Kva kan du forvente deg?  Og kva skal du ta med?

Om du har liggande nåke stoff og / eller store handkle heime er det fint om du tek med.
Vi treng og fleire symaskine so fint om du tek med eiga om du har. 

Vi har litt stoff, handkle, tråd og pinnar som ein kan få og bruke til å lage seg ting ein kan få med heim.
 
Vil du få hjelp å legge opp eller sy inn noko? Då kan du ta det med  få hjelp til å  fikse det her.

Held du på meg eit prosjekt og ynskjer å jobbe vidare med det saman med andre? Ta det med deg hit:)

Dette er ein møteplass og læringsarena for alle uansett nivå/ erfaring med handarbeid.

Har du born, men ikkje barnevakt? Ingen problem. Ta dei med. Her er både god plass og ulike ting å finne på- Lese i biblioteket , spele spel,  teikne?

 

Påmelding er stengt
2026 © Selje Frivilligsentral