Onsdag 5 November
Kl. 14:15 - 15:30, Selje frivilligsentral/ Innbyggjartorget/ Nabben 80/ kommunehuset 1.et
Open møteplass for ungdom som er interessert i frivilligheit
Ungdom er invitert til å møtast for å snakke ilag om nettopp frivilligheit. Kvar onsdag i november kl 14.15 - 15.30 - Vi startar kvart møte med pizza :) Felles måltid saman med gruppa som har vore på møte om lågterskel møteplassar og aldersvennleg frivilligheit. Det er kjekt og nyttig å møtast. Kanskje ein kan inspirere kvarandre og skape noko spennande saman? Eller sette fokus på noko viktig for framtida?

Det å vere frivillig er som å ha ein meiningsfull hobby. Det er å gjere noko du likar og som samtidig gir stor glede for andre med positive ringverknadar i og for heile lokalsamfunnet.  

Når du kjem for å delta på møtet startar vi med eit fellesmåltid saman med ei anna gruppe som har hatt møte om lågterksel møteplassar og aldersvennleg frivilligheit. Fint å då også då  kan snakke ilag om alt og/ eller  ingen ting :)

 
På frivilligsentralen / Innbyggjartorget har vi også bøker, BUA, bordtennisbord og brettspel.
So du kan spele eller låne med deg noko før du fer heim :)

Dagleg leiar i Selje frivilligsentral blir til stades. Og kan svare på spørsmål, notere idear o.l

Er du vaksen og vil vere frivillig på desse møteplassane? Er det berre å ta kontakt  eller komme innom.

Oppgåver kan vere å steike pizza, dekke på, rydde, og ellers berre vere med som trygg  og engasjert vaksen:)

Selje frivilligsentral planlegg å ha liknade møter  på Stadlandet.  Er det nokon som har tips om eit bra lokale og ynskjer å vere med å få det til? 

 

2025 © Selje Frivilligsentral