Høyrest dette spennande ut, så meld på deg, og/eller din aktivitet her
11. august signerte regjeringa ein fornya versjon av fritidserleringa. Fritidserklæringa presiserer at alle barn, uavhengig av foreldrene sin sosiale og økonomiske situasjon, skal ha muligheit til å delta jamnleg i minst ein organisert fritidsaktivitet. No er tida for at vi også jobbar/styrkar arbeidet med Fritidserkleringa i Stad kommune! Fritidserkleringa finn du her: Fritidserleringa
Alle barn har rett til ein god oppvekst med ei meningsfull fritid, der dei får oppleve meistring, og å tilhøyre eit fellesskap. Forsking og statistikk viser at mange barn ikkje deltek i organiserte fritidsaktivitetar på bakgrunn av ulike barrierer; økonomi kan vere ei årsak til fråfall i aktivitetstilbod. Etter pandemien har dette talet auka.
Kommunestyret i Stad har vedteke at kommunen skal ha ein slik dugnad i Frivilligåret 2022, og sidan de som arrangerer aktivitetar no er i full gang med å planlegge første haustsesong etter pandemien er det viktig å gjere dette så tidleg som mulig.
Andelen born og unge som veks opp i lavinntektsfamiliar er aukande. Slik er det også i Stad kommune, der 11.1 % / 202 barn og unge veks opp i familiar med vedvarande lavinntekt (SSB sine tal frå 2020). ALLEMED er eit dialogverktøy utvikla for å auke bevisstgjering om tema fattigdom og utanforskap mellom born og unge, og for å sikre inkluderande arbeid for å få alle med. Les mer på www.allemed.no.
ALLEMED - dugnaden vert gjennomført i Operahuset Nordfjord laurdag 3. september kl. 10.00 - 12.30. Det vert servert lunsj (pizza) til alle som deltek!
Etter dugnaden og lunsj vert det høve til å vise fram din frivillige organisasjon på Innbyggjartreffet frå kl. 14.00 - 16.00. Vi håpar din organisasjon vil stille opp med aktivitet og stand frå kl. 14.00 - 16.00 i Operahuset denne dagen. Vi ønskjer de vil vere med å bidra i ALLEMED-dugnaden og vil vere med å vise fram dykkar aktivitet/organisasjon i Operahuset Nordfjord denne dagen. Aktivitetane/standa kan vere både utandørs og innandørs.
Alle som vil vere med på ALLEMED-dugnaden og frivillige organisasjonar som vil stille med stand og aktivitetar på innbyggjartreffet melder seg på ved å klikke her.
Formålet med Innbyggjartreffet er å synleggjere og informere innbyggarane om mangfaldet av lag og organisasjonar i Stad kommune, bli betre kjend med kvarande på tvers av kommunen, bli kjend med kommunen sitt arbeid, tilbod og tenester. - Og ikkje minst gje nye og gamle innbyggjarar ein kjekk aktivitetsdag for små og store!
Velkomne til ein lærerik, spennande og triveleg dag i Operahuset Nordfjord!
Bli med bli med!
Dato og tidspunkt: Laurdag 03. september kl. 10.00 - 12.30
Påmelding her: https://stad.kommune.no/sd/skjema/STAD037/Innbyggjartreff_Stad_kommune_2022
Påmeldingsfrist: Fredag 02. september kl. 12.00
Det blir sett opp skyss v/behov ((obs påmelding)
Ta gjerne kontakt om du har spørsmål!
Kontaktperson (navn, telefon og e-post):
Astrid Grete Torheim, tlf. 41460042,
epost: astrid.grete.torheim@stad.kommune.no
Eller Maria Helgesen
Tlf 95869223
maria.helgesen@stad.kommune.no