Til lag, organisasjonar og egenorganiserte frivillige

Eid frivilligsentral og Selje frivilligsentral ynskjer å invitere frivillige, lag og organisasjonar til samarbeid vedrørande hjelpetiltak i høve koronasituasjonen. Vi har tett dialog med kommuneleiinga og får regelmessig oppdatering på behov og status. Frivilligsentralane koordinera tiltak blant anna ut i frå dette og etter helsedirektoratet sine retningslinjer.

Helsedirektoratet sine retningslinjer. Kap 10. Frivillige organisasjonar  

Korleis kan du bidra ?

-Vil du vere Telefonvenn?
 -Vil du hjelpe med andre praktiske gjæremål? (utanfor heimen)
-dele informasjon/ fortelje om hjelpetiltaka som finnest

Ein kan melde seg som frivillig eller be om hjelp på frivilligsentralen sine nettsider og/eller ta kontakt på telefon.
 Astrid Grete Torheim  | post@eid.frivilligsentral  | Tlf.: 41 46 00 42 | www.eid.frivilligsentral.no 
 Maria Helgesen            | post@selje.frivilligsentral | Tlf.: 95 86 92 23  | www.selje.frivilligsentral.no

Vi ynskjer at det skal vere lav terskel for å ta kontakt om du er usikker på noko, har ein ide eller andre ting!
Ikkje nøl med å send ei melding, ringe oss eller sende ein e-post.  

Du er og med på dugnad og gjer ein svært viktig innsats for samfunnet
 ved å  følgje regjeringa sine råd og oppmodingar om:
   - å halde deg mest mulig heime, i ro der du bur
   - ikkje vere samla meir ein fem personar
   - ha god hand hygiene og andre gode vaner. (Vanar som førebyggjer smitte)  
   -Og ikkje minst ta vare på andre:  
 Ringe/ta kontakt med folk, nabo eller andre du veit kanskje trenger det ekstra mykje.  Ein kan sjølvsagt nytte vanleg telefon, men legg  med  div muligheiter og oversikt på kostnadar for ulike video- og telefonkonferanser.  

                   

Hjelp å dele/ få ut informasjon

Eit tiltak som er starta opp i samarbeid mellom kommuneleiing, frivilligsentralane, Røde kors, Omsorgsberedskaps gruppa i Saniteten og Filadelfia, er handling og levering av matvarer heim til risikogrupper og/eller personar i karantene.Her er link til meir informasjon.
 
Det er veldig fint å få hjelp til å dele, poste og  fortelje om dette tilbodet.  
Ein annakonkret ting ein kan bidra med her er å få fleire på Vipps!
Ring og hjelp ein venn med dette.
Korleis få vipps? 

Tilskot, hjelp og råd til lag og organisasjonar: 

Korona-fond på 100 millioner kroner for å kunne støtte lag og foreninger på Vestlandet som vil tape penger eller gå glipp av inntekter på grunn av koronaepidemien.

https://www.spvnyheter.no/sparebanken-vest/etablerer-korona-fond-pa-100-millioner-kroner-til-stotte-for-frivillige-lag-og-foreninger-pa-vestlandet/
 
 Fleire slike tilskotsordningar er i kjømda.
 Minner og om tilskotsportalen! www.tilskuddsportalen.no 
 No med tips om støtte til avlyste arr. m. m 

Takk til frivillige, lokale lag og organisasjonar
Denne tida er utfordrande for alle. De skal ha ein stor TAKK for all dugnad de har gjort av alt av aktivitetar og engasjement fram til no OG ikkje minst dugnaden de gjer no med å stenge ned. Eit vanskeleg og trist, men nødvendig tiltak for å hindre smitte.  

I denne urolege, men stille tida, får ein verkeleg merke på kropp og sjel kva det betyr for eit samfunn å ha aktive frivillige, lag og organisasjonar som skapar aktivitetstilbod og møteplassar <3 

Sjølv om det er mange ting ein ikkje kan gjere akkurat no er det framleis måtar å bidra på/ hjelpe kvarandre. 
Men  obs obs!  Ikkje utsett deg sjølv eller andre for smitte/smittespreiing. 

Hold deg/dykk og oppdatert om Koronasituasjonen m.m. på www.stad.kommune.no    

Flere nyheter

Kartlegging av frivilligheita i Stad kommune

I november 2023 vart det gjort ei stotstilt kartlegging av frivillige lag og organisajonar i Stad kommune. Frivillighet Norge i samarbeid med Rambøll hadde oppdraget i å gjennomføre spørjeundersøkinga og lage ein rapport. Men ein svarprosent på 63 % og har vi fått eit godt og viktig innblikk i korleis det står til i frivilligheita i Stad. Her kan du lese både rapporten og presentasjonen Brita Brekke frå Frivillighet Norge heldt på Frivilligkvelden 2024:

Frivilligkveld

Lag og organisasjonar i Stad - velkomne til Frivilligkveld på Bryggja grendahus, onsdag 24.01.2024 kl. 17.30 - 20.30. Er du tillitsvald, medlem eller frivillig i ein organisasjon. Kom å bli med på ein trivelig og lærerik kveld!. Vi får presentert resultatet av kartlegginga som vart gjort av frivilligheita i Stad kommune i november. Der vert servert kveldsmat, og du kan presentere din organisasjon og dine aktivitetar og søkje samarbeid på informasjonstorget. Vi inviterer også til dialog mellom kommunetilsette og frivillige om korleis vi kan løyse heilt konkrete utfordringar i lag. Klikk deg vidare og meld deg på!

2024 © Selje Frivilligsentral