Tv Aksjonen - CARE

20. oktober er det TV-aksjonen for Care Norge. Selje sin kommunekomité består av Gerd Endal i Selje sanitetsforeining, Magnhild Sjåstad Kongsvoll og Hildegunn Hagen i Kjærringa husflidlag. Frå Selje kommune er Jan Vidar Smenes og Stein Robert Osdal representert. No starter vi planlegginga og det største arbeidet er å skaffe nok bøsseberarar. Ynskjer du å hjelpe til, meld deg som bøsseberar på https://blimed.no/boessebaerer/ eller ring Selje kommune på 57858500.
Flere nyheter

Kartlegging av frivilligheita i Stad kommune

I november 2023 vart det gjort ei stotstilt kartlegging av frivillige lag og organisajonar i Stad kommune. Frivillighet Norge i samarbeid med Rambøll hadde oppdraget i å gjennomføre spørjeundersøkinga og lage ein rapport. Men ein svarprosent på 63 % og har vi fått eit godt og viktig innblikk i korleis det står til i frivilligheita i Stad. Her kan du lese både rapporten og presentasjonen Brita Brekke frå Frivillighet Norge heldt på Frivilligkvelden 2024:

Frivilligkveld

Lag og organisasjonar i Stad - velkomne til Frivilligkveld på Bryggja grendahus, onsdag 24.01.2024 kl. 17.30 - 20.30. Er du tillitsvald, medlem eller frivillig i ein organisasjon. Kom å bli med på ein trivelig og lærerik kveld!. Vi får presentert resultatet av kartlegginga som vart gjort av frivilligheita i Stad kommune i november. Der vert servert kveldsmat, og du kan presentere din organisasjon og dine aktivitetar og søkje samarbeid på informasjonstorget. Vi inviterer også til dialog mellom kommunetilsette og frivillige om korleis vi kan løyse heilt konkrete utfordringar i lag. Klikk deg vidare og meld deg på!

2024 © Selje Frivilligsentral