Tilskot for arrangement og aktivitetar som er påvirka av Covid-19 pandemien

Det er gjort endringar i ordninga for tilskot for arrangement eller aktivitetar som er påverka av covid-19 pandemien. Perioden for ordninga er utvida til 31. oktober Søknadsfristen er utsett til 15. november

Her kan du lese meir om ordninga:

https://lottstift.no/nb/


To ordningar for frivilligheita er no opna for søknadar: (nynorsk)

1. den generelle momskompensasjonsordninga

2. koronaordning for arrangement og aktiviter

1: Momskompensasjonsordninga

Vi ønskjer å nå fleire med ordninga

Erfaring frå tidlegare år viser at det finst lag og organisasjonar som ikkje søkjer om momskompensasjon. Dette kan vere lokale eller regionale ledd under sentrale frivillige organisasjonar som for eksempel Norges Idrettsforbund (NIF), 4H Norge, Norges Musikkorpsforbund, Norges Røde Kors og Norges Jeger- og Fiskeforbund. MERK: Slike såkalla underledd må sende inn søknad gjennom sentralleddet sitt.

Det er også en del enkeltståande lag og organisasjonar som ikkje søkjer, for eksempel organisasjonar som driv frivillig arbeid innanfor innvandrargrupper og andre lokale foreiningar.

Minstegrenser

· For enkeltståande søkjarar er det minstegrenser. Etter den forenkla søknadsmodellen er minstegrensa 100 000 kroner i søknadsgrunnlag (søknadsgrunnlag = driftskostnader minus eventuelle avgrensing og frådrag).

· Etter dokumentert søknadsmodell er minstegrensa 7 000 kroner i meirverdikostnader som det kan søkast kompensasjon for.

Søknadsfristen er 1. september 2021. 
MERK: Sentralledd har eigne fristar for rapportering frå underledda sine. Sjå den aktuelle organisasjonen sine nettsider, eller ta kontakt med sentralleddet for nærare informasjon.

Alle mottakarar av momskompensasjon må vere registrert i Frivilligregisteret innan 1. september 2021. Dette gjeld og dei som søkjer via sitt sentralledd. Husk at registrering kan ta litt tid.

Meir informasjon De kan lese meir om momskompensasjon til frivillige organisasjonar på www.lottstift.no


2: Ny koronaordning for frivillige lag og organisasjonar

Frivillige lag og organisasjonar kan no søkje om tilskot i samband med arrangement og aktivitetar som er påverka av covid-19 pandemien.

Formålet med ordninga er å stimulere til gjennomføring av arrangement/aktivitet, men den gjeld også dersom ein må avlyse på grunn av restriksjonar eller råd frå myndigheitene i samband med covid-19.

Denne ordninga gjeld for perioden 1. januar til 31. august 2021. Søkarar må vere registrerte i Frivilligregisteret.


Kva kan det søkast om?

· Støtte til meirkostnader på grunn av smitteverntilpassingar eller i samband med utvikling/tilpassing av aktivitetar. Dette kan for eksempel vere innkjøp av smittevernutstyr, kostnader til leige av større lokale, digitalisering av eksisterande tilbod eller nye aktivitetar som digitale møteplasser.

· Støtte til mindreinntekter frå avlyste eller delvis gjennomførte arrangement. Dette kan for eksempel vere tapte billettinntekter, parkeringsinntekter, inntekter frå loppemarked eller kioskinntekter.

· Mindreinntekter frå anna spesifisert aktivitet avgrensa til publikumsinntekter og utleigeinntekter. Dette kan for eksempel vere museum, akvarium, kinoar eller idrettsanlegg. Utleigeinntekter kan vere utleige av bygningar, anlegg, hytter, fartøy eller andre rom og lokale.

Søknadsfristen er 15. september 2021.

Meir informasjon Finn informasjon, søknadsskjema og rettleiing om koronaordninga på www.lottstift.no Spørsmål? Ta kontakt på covid@lottstift.no eller telefon 57 82 80 00.

Flere nyheter

Kartlegging av frivilligheita i Stad kommune

I november 2023 vart det gjort ei stotstilt kartlegging av frivillige lag og organisajonar i Stad kommune. Frivillighet Norge i samarbeid med Rambøll hadde oppdraget i å gjennomføre spørjeundersøkinga og lage ein rapport. Men ein svarprosent på 63 % og har vi fått eit godt og viktig innblikk i korleis det står til i frivilligheita i Stad. Her kan du lese både rapporten og presentasjonen Brita Brekke frå Frivillighet Norge heldt på Frivilligkvelden 2024:

Frivilligkveld

Lag og organisasjonar i Stad - velkomne til Frivilligkveld på Bryggja grendahus, onsdag 24.01.2024 kl. 17.30 - 20.30. Er du tillitsvald, medlem eller frivillig i ein organisasjon. Kom å bli med på ein trivelig og lærerik kveld!. Vi får presentert resultatet av kartlegginga som vart gjort av frivilligheita i Stad kommune i november. Der vert servert kveldsmat, og du kan presentere din organisasjon og dine aktivitetar og søkje samarbeid på informasjonstorget. Vi inviterer også til dialog mellom kommunetilsette og frivillige om korleis vi kan løyse heilt konkrete utfordringar i lag. Klikk deg vidare og meld deg på!

2024 © Selje Frivilligsentral