Stadven - Inkluderingskontakt for nye innbyggjarar

Når ein er ny på ein stad er det fint å ha kontakt med lokale som kjenner plassen, muligheitene, språket og kulturen. Det er igjennom møte med andre mennesker og deltaking i aktivitet ein blir inkludert og kan trivast. Her kan du melde deg både som Stadven- frivillig inkluderingskontakt, og melde i frå om du har behov for ein Stadven. Det er spesielt stort behov for dette tiltake no som Stad kommune får mange nye flyktningar. Her vil det også bli behov for frivillige til ulike praktiske oppgåver.

Som frivillig birar du med det du ynskjer og so mykje som passar deg.
Med å melde seg her er ein ikkje bundet opp til noko meir enn at ein får tilgang til oppdrag ein kan melde seg til.


Når du melder deg vil du bli kontakta og få meir informasjon.
Og vi legg ein liten plan ilag ut i frå dine ynskjer og behov.
Og deretter blir ein kobla / matcha med nokon som treng ein Stadvenn.

Det er og viktig at du som frivillig fortel oss dine interesser, kompetanse, kva du vil bidra med.
Dette skriv du i kommentarfeltet. Ta kontakt på tlf.: eller e-post om du har spørsmål.

Dei frivillige kan både vere organisert i ein eksisterande foreining, og som eigen organisert frivillig.(Også kalla eldsjel.)

Det vil komme meir info om kva ein kan bidra med/kva behovet er.
So langt veit vi at det gjeld både  
-nokon å gå tur med,
-nokon som kan vise rundt, fortelje om kva som er av frivillige organisasjonar, aktivitetstilbod m.m. ,
-digital hjelp,
-praktisk hjelp som til dømes klargjering av bustadar med meir.
-språk / kultur
-leksehjelp
 -transport og bistand til ulike avtalar kan bli aktuelt.

Ein vil kunne melde seg til eit konkret oppdrag, men og mulig å følgje opp ein person/ein familie.
Her med tett dialog og samarbeid med frivilligsentralane som igjen har god kontakt og samarbeid med integreringstenesta og andre frivillige.

Alle frivillige som melder seg vel sjølv kva dei kan bidra med og kor mykje.
Ein vil skrive under taushetsplikt og i nokre tilfeller vil det vere krav om politiattest.


Kort sagt:
Vi engasjerer frivillige til å vere Stadvenn som
-styrker kontakten mellom mennesker på tvers av generasjoner og kulturer
- bidra til at ein blir fortare kjend med tilbod og aktivitetar i lokalsamfunnet
- hjelp og støtte til utfordringar innan språk, avtalar og system/digitalt.
- praktiske gjermål i førebuinga av bustadar

Frivilligsentralen formidlar kontakt mellom dei som ønskjer å bistå andre og dem som ønsker/treng å motta frivillig innsats.I tett samarbeid og dialog med integreringstenesta.

Selje frivilligsentral samarbeida og med dei skuleelevane som har valfaget; Innsats for andre.  

Meld deg her: BLI STADVEN

Flere nyheter

Kartlegging av frivilligheita i Stad kommune

I november 2023 vart det gjort ei stotstilt kartlegging av frivillige lag og organisajonar i Stad kommune. Frivillighet Norge i samarbeid med Rambøll hadde oppdraget i å gjennomføre spørjeundersøkinga og lage ein rapport. Men ein svarprosent på 63 % og har vi fått eit godt og viktig innblikk i korleis det står til i frivilligheita i Stad. Her kan du lese både rapporten og presentasjonen Brita Brekke frå Frivillighet Norge heldt på Frivilligkvelden 2024:

Frivilligkveld

Lag og organisasjonar i Stad - velkomne til Frivilligkveld på Bryggja grendahus, onsdag 24.01.2024 kl. 17.30 - 20.30. Er du tillitsvald, medlem eller frivillig i ein organisasjon. Kom å bli med på ein trivelig og lærerik kveld!. Vi får presentert resultatet av kartlegginga som vart gjort av frivilligheita i Stad kommune i november. Der vert servert kveldsmat, og du kan presentere din organisasjon og dine aktivitetar og søkje samarbeid på informasjonstorget. Vi inviterer også til dialog mellom kommunetilsette og frivillige om korleis vi kan løyse heilt konkrete utfordringar i lag. Klikk deg vidare og meld deg på!

2024 © Selje Frivilligsentral