Sommerjobb for ungdom mellom 14 og 20 år!

Frivilligsentralane i Stad kommune med støtte frå Gjensidigestiftelsen tilbyr inntil 20 ungdomar betalt sommarjobb i 2 veker i sommar! Arbeidstid 6 timar pr. dag måndag til fredag. Arbeidsstadar: Nordfjordeid og Selje Søknadsfrist: Måndag 21 juni. Oppstart frå veke 26.

Dette er dei ulike jobbane du kan søkje på: -
- Sommarhjelp i BUA og på sosiale møtestader
 - Sommarhjelp innan helse og sosial
- Sommarhjelp i stimerking/friluftsliv

Sjå : Annonse Sommarjobb 2021 (1) Samla
HER kan du lese meir om arbeidsoppgåvene i dei ulike jobbane.

Ungdomar som ikkje har sommarjobb frå før vil bli prioritert.
HER finn du søknadskjema.

Du som søkjer:
- er ein ungdom som er fødd mellom 2001 - 2007 (14-20 år) og har folkeregistrert adresse i Stad kommune.
 - er ein ungdom som er pliktoppfyllande, kan følgje dei reglar og rutiner som er sett for jobben og møter presis.
 - er ein ungdom som er serviceinnstilt, og likar å bli kjend med og prate med folk.
 - vil få god opplæring og oppfølging dersom du får tilbod om jobb.
- må lage ein CV når du søkjer.

Lær deg å skrive ein god CV!
Vi tilbyr CV-kurs på TEAMS:
Måndag 14/6 kl. 18.00 – 19.00:
https://teams.microsoft.com/l/meetup-join/19%3ameeting_YTI2M2I5MjYtOTViZS00YjM5LTg4ZTMtZTgxZmFmMTQ0NjRh%40thread.v2/0?context=%7b%22Tid%22%3a%221932ff7a-64ef-426f-a8cb-0698850f2b16%22%2c%22Oid%22%3a%223aed7ba5-c97c-4451-8715-7034fcc26085%22%7d 
Torsdag 17/6 kl. 18.00 – 19.00:
https://teams.microsoft.com/l/meetup-join/19%3ameeting_ZmM4NjkyNjUtNWUxOS00MjAyLTg1ODQtOTAwNDg0ZmFiZDg0%40thread.v2/0?context=%7b%22Tid%22%3a%221932ff7a-64ef-426f-a8cb-0698850f2b16%22%2c%22Oid%22%3a%223aed7ba5-c97c-4451-8715-7034fcc26085%22%7d

Du treng ikkje melde deg på.
Trykk på lenka under datoen for å bli med:
Tilgang ligg også i arr.kalender på www.stad.kommune.no

Sjå eit døme på ein god CV:  CV Mal - Kasper Kaspersen - 
Om du ikkje fekk muligheit å delta, eller vil sjå att innhalde i kurset, finn du det her: 
CV & Jobbsøk presentasjon frå CV skrivingskurs 14. og 17. juni 2021

FOTO: Jørn- Arne Tomasgard

Flere nyheter

Kartlegging av frivilligheita i Stad kommune

I november 2023 vart det gjort ei stotstilt kartlegging av frivillige lag og organisajonar i Stad kommune. Frivillighet Norge i samarbeid med Rambøll hadde oppdraget i å gjennomføre spørjeundersøkinga og lage ein rapport. Men ein svarprosent på 63 % og har vi fått eit godt og viktig innblikk i korleis det står til i frivilligheita i Stad. Her kan du lese både rapporten og presentasjonen Brita Brekke frå Frivillighet Norge heldt på Frivilligkvelden 2024:

Frivilligkveld

Lag og organisasjonar i Stad - velkomne til Frivilligkveld på Bryggja grendahus, onsdag 24.01.2024 kl. 17.30 - 20.30. Er du tillitsvald, medlem eller frivillig i ein organisasjon. Kom å bli med på ein trivelig og lærerik kveld!. Vi får presentert resultatet av kartlegginga som vart gjort av frivilligheita i Stad kommune i november. Der vert servert kveldsmat, og du kan presentere din organisasjon og dine aktivitetar og søkje samarbeid på informasjonstorget. Vi inviterer også til dialog mellom kommunetilsette og frivillige om korleis vi kan løyse heilt konkrete utfordringar i lag. Klikk deg vidare og meld deg på!

2024 © Selje Frivilligsentral