Sommarjobb for ungdom 14 - 20 år

Frivilligsentralane og Stad kommune med støtte frå Gjensidige-stiftelsen, Helsedirektoratet og Bufdir tilbyr omlag 25 ungdomar sommarjobb i 2 veker i sommar. Søknadsfrist 4.juni. Vi tilbyr og gratis CV skrivarkurs.

Sommerjobbane blir lagt opp til 2 veker med arbeidstid seks timar pr. dag måndag til fredag.Det er to kategoriar sommarhjelpjobbar:

-Sommarhjelp aktivitet: Skape sommarmøteplassar/-aktivitet for barn/ungdom og drifte BUA.

- Sommerhjelp omsorg: Skape sommaraktivitet for heimebuande eldre/eldre som bur på institusjon.

Arbeidsstadar: Nordfjordeid og Selje.
Søknadsfrist: Søndag 4. juni.
Oppstart frå veke 26-27.

Her finn du SØKNADSSKJEMA
  

Lær deg å skrive ein god CV!
Alle som søkjer på sommarhjelpjobbane
må legge ved ein CV.
 

Vi tilbyr CV-kurs på TEAMS:

Tysdag 23/5 og torsdag 1/6
kl. 18.00 – 19.00.

Ein kan delta på kurset heima i frå eller  komme å delta på kurs på Eid frivilligsentral eller Selje frivilligsentral .

Lenke til kursa finn du her:
KURSLENKE 23.mai 

KURSLENKE 1.juni


Flere nyheter

Kartlegging av frivilligheita i Stad kommune

I november 2023 vart det gjort ei stotstilt kartlegging av frivillige lag og organisajonar i Stad kommune. Frivillighet Norge i samarbeid med Rambøll hadde oppdraget i å gjennomføre spørjeundersøkinga og lage ein rapport. Men ein svarprosent på 63 % og har vi fått eit godt og viktig innblikk i korleis det står til i frivilligheita i Stad. Her kan du lese både rapporten og presentasjonen Brita Brekke frå Frivillighet Norge heldt på Frivilligkvelden 2024:

Frivilligkveld

Lag og organisasjonar i Stad - velkomne til Frivilligkveld på Bryggja grendahus, onsdag 24.01.2024 kl. 17.30 - 20.30. Er du tillitsvald, medlem eller frivillig i ein organisasjon. Kom å bli med på ein trivelig og lærerik kveld!. Vi får presentert resultatet av kartlegginga som vart gjort av frivilligheita i Stad kommune i november. Der vert servert kveldsmat, og du kan presentere din organisasjon og dine aktivitetar og søkje samarbeid på informasjonstorget. Vi inviterer også til dialog mellom kommunetilsette og frivillige om korleis vi kan løyse heilt konkrete utfordringar i lag. Klikk deg vidare og meld deg på!

2024 © Selje Frivilligsentral