Vil du engasjere deg i lokalt frivilliheitsliv?

Har du har litt ledig tid eller ynskjer du å ta deg tid til å vere frivillig? Å vere frivillig er ein vinn vinn der ein gjer noko betydningsfullt for seg sjølv og andre.

Aldersgruppe: For alle

Frivilligheita i Stad har mange ulike lag og organisasjoner som driv med forskjellige aktivitetar og engasjement i og for lokalsamfunnet.
Det er alltid bruk for fleire frivillige, medlemmar, verv, folk på dugnad, i komitar m.m
Det er mykje forskjellig ein kan velje mellom.
Turlag, kor, korps, idrett, husflid, historielag, pensjonistlag, badelag, grendehus og bydelag, bondelag, politiske lag, sjakk, naturvern, filmklubb, 17.mai komitear, beredskapslag som rødekors, sanitet, sjøredningsklubb, fagforeiningar, sokneråd, menigheter, gjenbruks/bruktbutikk, pride, brettklubb, skyting, jakt og fiskelag, besøksvenna og mykje mykje meir.

Kva interesserer du deg for? Kva ynskjer du å ta del i?
Det ekstra fine med frivilligheit er vinn vinn konseptet.
Ein får ei interesse/ein hobby som er  meiningsfullt og kjekk. Og ein gjer ein forskjell for andre og sitt lokalmiljø.
Frivilligheit skapar samfunn og aukar livskvalitet og trivsel for alle partar.

Frivilligsentralen har oversikt over lokale lag og organisasjonar i Stad kommune.
Vi kan hjelpe med å finne nokon som driv med det du brenn for.
Eller kanskje du ynskjer å starte noko heilt nytt? I såfall kan vi hjelpe deg litt på vegen om du vil:) 

Ta kontakt so kan vi snakkast om kva som kan passe for deg:)

Vil du sjekke litt sjølv kva som finst av både lag, organisasjoner og aktivitetar?
Sjekk ut Stad foreiningsportal
(Sida er under oppbygging. hjelp oss gjere om du ser feil og/eller manglar: )

Stad kommune har og ein arrangement kalender på hjartestad sida

2024 © Selje Frivilligsentral