Frivillig vaksen på ungdomstreff

Det trengs fleire vaksne på møtestadar for ungdom. Vil du vere frivillig saman med ungdomsarrangørane?

Aldersgruppe: Fra 25 år

I Selje og på Stadlandet har ein heldigvis nokon som arrangera faste treff/møtestadar for ungdommen. Der alle er velkomne. Dette er svært viktige og populære tilbod! 

Ungdomsarrangørane brenn for det dei driv med og har betytt mykje for mange ungdommar.
Det som ofte kan vere utfordrande er nok ansvarlege vaksne på arrangementa.
Når mange ungdommar samlast er det viktig å vere nok trygge gode vaksne tilstade.

Selje frivilligsentral samarbeidar med lokale ungdomsklubbarrangørar om to ting:
- ungdomsskyss (LTU)
- rekruttere frivillige

Her meir om frivillige på møteplassar for ungdom:

- En registrera seg digitalt ved å fylle ut skjema.
Det er og mulig å ringe frivilligsentralen.
- Alle frivillige på aktiviteten får tilgang til ein vaktplan.
Der ligg ulike datoar for ulike ungdomsklubb/arrangement alt etter kva som skjer i tida framover.
-Den frivillige kan med eit enkelt tastetrykk, sette seg opp som vakt på den/dei tiden som passar.
Det vil alltid vere ein ansvarleg arrangør tilstade. Den/dei frivillige blir ein gledeleg og viktig bonus.
-Ein kan melde seg av vakta om noko kjem i vegen.
Ein gir i tillegg då beskjed til arrangør.
 
Krav:
-Over 25 år.
- politiattest.

Det er ingen krav om kor mykje og kortid ein skal bidra. EIn vel heilt sjølv kortid og kor mykje ein vil bidra.

 Oppgåver/ forventingar:

  • Vere ein ansvarleg og trygg vaksen som er tilstades og følje med at ungdommane har det bra. 
  • vere tilgjengeleg for spørsmål og om nokon treng noko.
  • vere respektfull, imøtekommande og kunne gi beskjed/ korrigering på ein grei måte. 
  • samarbeide og ha god kommunikasjon med ansvarleg arrangør.
  • hjelpe til ved fellesmåltid /på kjøkken 
  • vere presis/møte opp til start. 
  • Drikke kaffi, prate og kose seg:)

Ein kan fint vere to eller fleire frivillige ilag.

Meld deg som frivillig HER (Kryss av i ruta og fyll ut kontaktinfo) eller ring Selje frivilligsentral. 

Meir informasjon om ungdomskyss ordninga finn du her: LTU

Flere aktiviteter

Stadven - Inkluderingskontakt for nye innbyggjarar

Når ein er ny på ein stad er det fint å ha kontakt med lokale som kjenner plassen, muligheitene, språket og kulturen. Det er igjennom møte med andre mennesker og deltaking i aktivitet ein blir inkludert og kan trivast. Her kan du melde deg både som Stadven- frivillig inkluderingskontakt. Har du behov for ein Stadven kan ein kontakte frivilligsentralen. Det er spesielt stort behov for dette tiltaket no som Stad kommune får mange nye flyktningar. Her vil det også bli behov for frivillige til ulike praktiske oppgåver. (Foto: Sigve Rasmussen)

2024 © Selje Frivilligsentral