FINN FRIVILLIGE ORGANISASJONAR OG AKTIVITET PÅ STAD FORENINGSPORTAL

Her finn du oversikt over lag og organisasjonar i Stad kommune. Med ein kalender over deira aktivitetar og arrangement.

Vil du vere frivillig?

I menyen under kan du ta kontakt med frivilligsentralen om du vil bidra som frivillig og /eller melde deg inn i ein organisasjon. 
Lag og organisasjonar i Stad kommune har eit stort utval av tilbod og aktivitetar.  
Vi kan hjelpe deg å finne det som kan passe for deg. 
Vi har og nokon alternativ i frivilligsentralen. 
Hak av i ruta for å melde deg digitalt. Ein kan også kontakte oss på tlf eller komme innom :)

Informasjon om våre aktivitetar og tilbod

Felleskalender for aktivitet og arrangement til lag og organisasjonar, frivilligsentralane, frisklivsentral med fleir,  finn du på STAD FOREININGSPORTAL. 

Å levere middag til heimebuande er ei meiningsfull og ei kjekk oppgåve som betyr mykje for mange! Takk til alle som bidrar :) Alle frivillige som har registrert seg kan velge oppdrag/rute frå vaktplanen.

Les mer

Når ein er ny på ein stad er det fint å ha kontakt med lokale som kjenner plassen, muligheitene, språket og kulturen. Det er igjennom møte med andre mennesker og deltaking i aktivitet ein blir inkludert og kan trivast. Her kan du melde deg både som Stadven- frivillig inkluderingskontakt. Har du behov for ein Stadven kan ein kontakte frivilligsentralen. Det er spesielt stort behov for dette tiltaket no som Stad kommune får mange nye flyktningar. Her vil det også bli behov for frivillige til ulike praktiske oppgåver. (Foto: Sigve Rasmussen)

Les mer

Har du lyst å vere frivillig i BUA Selje? Ein bestem heilt sjølv kor mykje og kortid ein ynskjer å bidra. Ein vil få opplæring og oppfølging. Og vi lagar til avtale etter dine ynskjer og behov.

Les mer

Det trengs fleire vaksne på møtestadar for ungdom. Vil du vere frivillig saman med ungdomsarrangørane?

Les mer

Språkkafeen er ein møteplass og eit tilbud til deg som vil praktisere norsk. Det er og ein ypparleg sjanse for "gamle" og nye innbyggjarar å bli kjent med kvarandre, få trent på språk og lære meir om kvarandre sine kulturar. Språkkafeen er for alle i alle aldra, er gratis og krev ingen påmelding.

Les mer

På Stad foreiningsportal finn du oversikt over lag og organisasjonar i Stad kommune. Med ein kalender over deira aktivitetar. Sida er i oppstartsfasen og vil bli enda bedre til fleire som brukar den aktivt Meir info og lenke til portalen:

Les mer

Sterk og Stødig i Stad kommune søkjer etter lag, organisasjonar og andre frivillige som er interesserte i å etablere Sterk og stødig treningsgrupper. Vi tilbyr GRATIS instruktørkurs og oppstartstilskot på 5000, til nyetablerte grupper.

Les mer

Har du har litt ledig tid eller ynskjer du å ta deg tid til å vere frivillig? Å vere frivillig er ein vinn vinn der ein gjer noko betydningsfullt for seg sjølv og andre.

Les mer

Om Selje Frivilligsentral

Selje frivilligsentral finn du midt i Selje sentrum. I 1.etasje på kommunehuset, Nabben 80.
Vi har lokale saman med bibliotek, BUA, innbyggjartorget og turistinformasjon. 
Vi som jobbar her samarbeida om mykje og du hendvende deg til skranken når du kjem. 
Våre opningstider er måndag til fredag 9 - 15.30.
Torsdagar er lokalet med bibliotek og BUA ope til 18.30. 

Ynskjer ein eit møte med dagleg leiar i Selje frivilligsentral 
er det best at ein tek kontakt for å avtale tid. 
Maria Helgesen, Tlf.: 95869223 post@selje.frivilligsentral.no/ maria.helgesen@stad.kommune.no 


Frivilligsentralen er ein stad du kan komme innom for å  
melde deg som frivillig, få oversikt over lag og organisasjonar og aktivitetar, 
spørje spørsmål om frivilligheita, komme med idear og innspel.

Det er ein møteplass der ein kan ta ein kaffi og ein prat. 
Her er plass i lokalet til å samlast ei lita gruppe om ein vil det. 

Vi har flotte møterom som kan bookast både på dagtid og ettermiddag/kveld/helg. 
Her er publikums pc ein kan nytte og ein kan få scanna og/eller printa ut dokument. Vi har og drop inn for digitalhjelp. 
Du kan altså komme innom eller ringe oss om det er noko du ikkje får til på pcen eller telefon/ipad.Vi hjelp so godt vi kan. 

Elles kan ein lese lokal aviser vi har her og låne med seg heim både  bøker og aktivitetsutstyr frå BUA . 

Mange grunnar til å komme innom. Velkommen  :)



Frivilligsentralane i Stad kommune

Her kan du lese meir om kven som jobbar i Selje og Eid frivilligsentral, kva vi jobbar med og  korleis du kan nytte oss:

Kalender

Dag Dato Kl. Tittel Sted Arrangør
Ingen kommende hendelser
2024 © Selje Frivilligsentral